Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Archive for april, 2012

Eit under at eg lever

Av Arne Mørk Midtbø

Trykket i ”Odda i manns minne” Nr. 10 i 2000

Ei forteljing om barndom og oppvekst på Nyland i Odda i slutten av femtiåra og gjennom sekstitalet.

Ringen er slutta. Eg sit her på den eine av dei to leikeplassane vi hadde då eg var barn. Leikeplassen er tom, bortsett frå yngste dottera mi på 3 år og meg. Det veks løvetann i sanden, det ligg ein oppriven plastpose og sleng. Nokre sigarettsneipar og ølkorkar vitnar om at det ikkje er så mange barn som leikar her lenger. Den andre leikeplassen er for lengst borte. Der er det no bygt eldrebustader. Like greitt. Kva skal vi med leikeplassar? Det er då likevel ingen ungar her lenger.

Det var aldri særlig mange som leika her då eg var unge heller. Våre leikeplassar var alle mulige andre plassar enn der det var tilrettelagt for det med typegod-kjende leikeapparat som representerer ein minimal risiko for at ungane skal kunna skada seg.

Keisamt

Likevel, for meg som far i dag, er leikeplassen ein behagelig stad fordi eg ikkje treng å bekymra meg for at veslejenta skal skada seg. Tidene har endra seg. Før, den gong på tampen av femtitalet og utover sekstitalet, var det ingen foreldre her, berre ungar som var pålagde å leika her og som ikkje fekk vera med oss frie sjeler på dei plassane der vi trivdest best å leika. Dei få gongene det no er ungar her, er det i korte stunder, alltid saman med ein føresett. Eg sit her og skriv på den berbare PCen min mens ungen prøver å læra seg å gi fart på dissa (huska) sjølv.

 Rotter på Tokheim

Mitt første bevisste minne er at eg ligg i ei seng som var sett saman av to lenestolar sette mot kvarandre, hos besteforeldra mine på Knausen. Det andre, bevisste minnet er frå kjellarleiligheita i huset på Tokheim. Det er morgon, foreldra mine søv, og eg er i toårsalderen. Eg står opp frå sprinkel senga, kler på meg som best eg kan, går ut på kjøkkenet og finn meg noen kavringar som eg et, og så går eg ut.

Ute er det mange trapper ned til vegen der bossspanna står. Spanna er laga i galvanisert stål, og det spring rotter rundt dei. At dyra heitte rotter, hadde eg inga aning om den gong. Sidan skulle eg sjå endå fleire rotter. Hundrevis av rotter som kravla omkring medan eg sto dørgande stille på avstand og såg på dei. Rottene fascinerte meg ikkje, fordi eg ville sjå om Unni var komen ut. Unni var den første venen min, og vi leika mor og far saman. Unni var første ankerfestet mitt utanom heimen, og eg var svært knytt til henne. Unni representerte verda utanfor.

Nyland — ei ny verd

Då vi flytta til Nyland, blei verda ikkje den same lenger. Verda var ein tom og keisam stad. Verda var trist, verda var meiningslaus, og eg kunne ikkje forstå korfor vi måtte flytta frå Unni. Frå Tokheim hadde eg bare gode minne, om tryggleik og glede, bortsett frå minnet om då eg sette fyr på lakena som hang til tørk på klesnora. Naboen kom springande og var oppskjørta. Sjølv var eg også fortvila og kunne ikkje forstå korfor heile klesnora sto i ein einaste stor loge. Fyrstikker låg det jo alltid på stuebordet, og far brukte dei utan at noe sto i vill fyr og flamme.

Den første tida sakna eg Unni, og eg var eit fryktelig einsamt barn inntil eg begynte å bli kjent med andre ungar i nabolaget. Unni trefte eg igjen seinare då vi begynte i same klasse på barneskulen, men då var alt forandra, og vi kjende ikkje kvarandre lenger. Ho var jo jente, og eg gut. Gutar og jenter tilhøyrde ulike verder. Den første tida prøvde eg å finna eit substitutt for Unni og enda opp med Jane. Jane var ei fremmelig jente som ikkje likna på Unni, bortsett frå at også ho var ei jente. Jane utnytta meg. Jane ba meg om å be om pengar heime slik at vi kunne kjøpa godteri for dei. Jane blei kutta ut, ikkje berre fordi ho ikkje var Unni, men fordi eg blei gjort merksam på det frå andre gutar: ho var ei jente og eg ein gut.

Etter kvart blei eg kjent med Per, og den yngre broren hans, Leif-Eldor. Kjell og Nils budde og i nabolaget.

Vinteren gav oss enkelte interessante utfordringar. Elva fraus til mellom steinane, og vi hadde ei spennande tid med å forsera elva på desse isbruene. Når det var snø, kjørte vi rattkjelke bak blokkene, der meieriet hadde utsal. Vi sto på ski på Hjøllo der vi også laga oss ein hoppbakke og hadde hoppkonkurransar.

”Langebutikken” og andre butikkar.

Nyland var eit samfunn som forsynte oss med nesten alle dei varene vi trong. Det var to matbutikkar der vi handla på ”bok”. Det var slik at alle innkjøp blei noterte i ei bok, og så blei dei betalte på lønningsdagen. Langebutikken* hadde også ølutsal. Når Johannes kom frå jobben på føremiddagen, kom det folk frå Smelteverket bort til holet i gjerdet med pengar til øl. Johannes gjekk så til Langebutikken og kjøpte inn og fekk så gjerne ei flaske eller to, avhengig av innkjøpt kvanta som takk for jobben. Sidan det var ølutsal her, var det og ein del alkoholikarar som nytta seg av butikken, og dei hadde sin faste drikkeplass nede i elvekanten i mange år. For oss ungane var dette den naturligaste ting av verda, og det var ingen av oss som reagerte på det. Det var slik det var og skulle vera. Dessutan representerte dei ei inntekskjelde for oss. Vi var litt redde dei og våga ikkje å gå ned til dei når dei sat der og drakk. Vi venta til dei sjanglande hadde forlate staden. Så var det ein kamp mellom oss og Johannes om å sikra seg tomflaskene, (* Nyland Husholdninghandel)

Vi hadde to godteributikkar den gong. Daniel (Opheim) hadde den minste, og han selde kun snop og tobakksvarer. Viken hadde ein større butikk der han også selde hattar og herreklede. Ved sida av Viken var det frisørsalong for menn. Når Geitajesus skulle bli barbert, heldt vi oss på respektabel avstand når han kom og gjekk. Korfor vi var redde han, veit eg ikkje. Trulig hadde noen planta ut eit rykte om at han var «skummel”. Bortanfor Viken og Daniel var det fiskebutikk. Her rådde Waagen.

Waagen hadde og eige røykeri og var den som røykte laksen som blei fiska i Opo, og det reinsdyrkjøtet far min jakta inne på Hardangervidda. Mellom Rosseland sitt bakeri og Waagen hadde vi ein butikk som selde leiketøy og pyntenips.

I vindauget sto det utstilt ein dampmaskin som ingen av oss på Nyland hadde råd til å kjøpa. Han bare sto der og sto der, år etter år. Eg hadde fryktelig lyst på han, men innsåg at å få ein slik ville vera ein uoppnåelig draum. 300 kroner representerte ein formue. Husleiga vår den gong var på 50 kroner månaden, og det var jammer i huset når ho steig til 80 kroner. Kor det blei av dampmaskinen då butikken la ned verksemda, lurer eg på den dag i dag. Han var så dyr at eg utelukkar at han noensinne blei seld.

Skomakaren i kjellaren

Mellom hovudvegen og meieriet hadde skomakaren verkstaden sin i kjellaren til Opheimhuset. Skomakaren var døvstum.

Dei gongene eg hadde ærend ned i kjellaren for å få flikka eit par sko, som regel beksaumsko, måtte eg ha lappe med meg heimanfrå. Etter kvart blei det så dyrt å få reparert sko og så billig å kjøpa nye at skomakaren mista kundegrunnlaget sitt. Siste gongen eg var innom for å henta eitt par sko, kosta den reparasjonen 50 kroner og mor mi sende meg då aldri opp i kjellaren meir for å få sko reparert. Kor det blei av skomakaren, veit eg ikkje. Kanskje han berre døydde i sorg over å mista kundane sine…

Tebrødskalkary ”dong” og hesten til Merle

I bakeriet til Rosseland selde dei posar med tebrødskalkar i pose til 20 øre posen. Når eg hadde pengar til ein pose, kjøpte eg gjeme ein, om eg då ikkje brukte pengane til femøres karamellar hos Daniel eller hos Viken.

Sportsbutikken ved sida av Viken var ein butikk vi berre var innom for å sjå kva dei hadde av sportsutstyr. Ski og slike ting blei alltid kjøpt hos Kjellevold nede i Odda. Korfor det blei kjøpt der, lurte eg i grunnen på inntil eg fekk vita at det var der mennene i Odda kjøpte ”dong”. Kva dong var for noe, hadde eg ikkje heilt klart for meg, men eg skjøna at det var noe litt hemmelig, mystisk noe som ein ikkje skulle snakka om.

Over gata for sportsbutikken, i Børvehuset, var det ein butikk som selde gardiner, sengetøy og slike ting. Inne i Børvegården var det ei smie. Smeden, Ingvald, hadde verkstad her som ein hobby. Det eg hugsar best var gnistregnet frå brenneapparatet og sveiseutstyret, og dei smijemportane han laga. Vidare nedover i gata, mot Odda sentrum, heldt lokalavisa til. I same strøket var og fotobutikken til Eidnes, blomsterhandel og nok ein frisørsalong.

Lenger nede var og er det kommunale Folkebadet, der vi gjerne gjekk ein til to gonger i veka. Fleire gonger i veka kom Merle med hesten sin med kjerre oppover langs Røldalsvegen, og han samla inn matavfall frå dei ulike etablissementa i Odda for å gi til grisane sine. Han hadde alltid ein fast stopp på Nyland der han fekk gamle brød frå bakeriet. Hesten sto gjerne bunden til ein lyktestolpe i gata og såg alltid litt trist og sedat ut.

Som du ser, det var liv og røre på Nyland i dei dagar. No er det ikkje ein einaste butikk igjen. Staden er dau og er prega av den stadig aukande trafikken som går gjennom strøket.

Pokerspel

I huset vi budde i, budde det ein familie til. Deira ungar var ein del eldre enn brørne mine og meg. Når våren kom, samla den eldste guten med sine kameratar seg i kjellaren der det før hadde budd ein familie. Her spelte dei poker med femøringar som innsats. Stablane med femøringar kunne vera temmelig store og latteren- eller banninga – temmelig høyrande. Røyken låg tjukk i rommet og minna om ei bule frå forbodstida – slike du ser på amerikansk film. Vi yngre kasta femøringar på strek. Det begynte gjeme i det små og sidan auka det heile til uana høgder. Innsatsen blei stadig større og større til det heile kulminerte rundt skuleslutt, då mange reiste bort til fagforeiningshyttene i ”søraveret”. Vi spelte også om klinkekuler. Då hadde vi eit hol i jorda og så var det om å gjera å treffa så nært holet som mulig , aller helst greia å kasta kula slik at ho gjekk ned i holet fordi den som greidde det, fekk ”klinka” først.

Tjuvfiske

Om våren begynte vi å fiska etter lakseyngel i elva. Spenninga her låg på to plan. Først om vi greidde å få fisk – men det aller mest spennande var om fiskarlags-mannen skulle koma. Han hata denne fiskeaktiviteten vår etter lakseyngel og var rasande. Sidan han var temmelig overvektig, greidde han aldri å få tak i noen av oss. Mannen og mora, Mamma Opo, som ho blei kalla, budde nærmast i elvekanten heile sommaren medan laksefiske gjekk føre seg.

Kloakkrottene

Rett nedanfor huset vi budde i, munna Sansabekken ut i elva. Sansabekken var før mi tid ein bekk som rann open. Etter kvart som det blei bygt fleire hus i området, blei bekken nytta som avløpsbekk for kloakk, og han blei tildekka. I munningen mot elva var det eit yrande rotteliv. Dersom eg sto heilt stille, kunne eg sjå rottene som kom ut frå bekkemunningen. Dei peip og slost om «godbitane” som kom drivande i bekken. Noen kunne vera store som små kattar – og dei var ekle. Rottene greidde eg aldri å venna meg til endå eg var van med dei frå så lenge eg kunne hugsa. Heldigvis var rottene reddare meg enn eg dei, så eg var aldri redd for å forsera denne munningen når eg skulle fiska, eller vinterstid når vi dreiv på med den farlige leiken vår å forsera elva på isbruene mellom steinane i elva.

Smelteverkstippen – der var litt av kvart

Våren og sommaren var tida for å bruka tippen til Odda Smelteverk som leikeplass. Her blei det dumpa ei sann blanding av industriavfall og avfall frå skylledunkane på bedrifta. I skråninga der det nye avfallet blei dumpa, var det alltid noko spennande å finna. Det mest spennande var karbid. Karbid var eit av produkta Odda Smelteverk produserte den gong – som i dag. Det vi gjeme gjorde, var å ha karbiden oppi eit tomt malings- spann, laga hol i loket med ein spikar, fylte vatn i spannet, sette på loket og sette fyr på acetylengassen som så utvikla seg når karbiden kom i kontakt med vatn. Nokre gonger kasta vi ein karbidklump på elva og sette fyr på gassen. Det var temmelig stilig å sjå flammane som steig opp frå vatnet. At ingen blei skada i denne leiken med karbid, er eit under.

I denne skråninga var det ofte brukte el-leidningar som vi tok omhyggelig vare på. Vi laga så eit bål og kasta leidningane på bålet for å brenna av isolasjonen slik at vi fekk fram dei reine koparleidningane. Når vi så hadde samla nokre kilo, bar det bort i Bygda til Greger for å selja det.

Greger var skraphandlar og tok imot all den koparen vi kunne finna på tippen. Om eg ikkje hugsar feil, fekk vi i snitt 5 til 8 kroner kiloet. Prisen varierte litt etter etterspørselen på marknaden. Slik fekk vi ei praktisk innføring i marknadsmekanismen sin innverknad på økomomien vår.

I denne skråninga budde det også ei mengd rotter som koste seg med matrestar frå uopna matpakkar frå Smelteverket. Igjen var kunsten å stå oppe på kanten, heilt stille og så venta på at dei dukka opp. Noe dei gjorde, i hopetal. Eg hadde inntrykk av at heile skråninga var ei einaste stor maurtue av rotter. Likevel greidde vi ikkje å halda oss borte frå denne spennande skråninga. Noen gonger sette smelteverksfolka fyr i skråninga og då fann vi gjerne noen tome og nesten tome malingboksar, sette loket tett på og kasta dei på bålet og venta til dei eksploderte med ein god smell. Skikkelig spennande var det å finna karbid, tøma denne oppi ein malingboks saman med vatn, setja loket tett på og så kasta boksen inn i flammene.

Når smellen kom, var det som ei skikkelig bombe og flammane sto fleire meter til vers.

Farlig padling

På denne tippen var det og ein dam. Vi fann skrotete materialar som vi så laga flatbotna kanoar av, fann maling frå halvtome boksar som vi så klinte på borda for å få dei tette, og brukte gjeme også ein plastduk som blei ”limt” utanpå den våte malinga som ei ekstra tetting. Kanoane var temmelig følsame, og vi måtte heile tida passa på å sitja nøyaktig midt i senter av kanoen for å ikkje risikera at han tippa. Når det blei for lita utfording å padla i denne dammen, bar vi kanoane ned til elva, til ein relativt stille høl som heitte ”Toen”. Dette namnet hadde staden fordi det var fisketeig nummer to. Elva kunne vera temmelig stri, og at ingen av oss noensinne tippa eller blei tatt av straumen, seier noe om kor heldige vi var. Sjansen for å overleva ville vera liten.

I ein periode blei det kasta nokre kar av tynneplate-stål på tippen. Desse var ca. l,3m breide, 2,5 m lange og det var ein kant på dei som var ca. 15 cm høg. Desse kara blei kanoane våre.

Sidan dei var breiare og lettare enn dei heimesnikra kanoane våre, var dei lettare å padla. Smelteverksfolka fann fort ut kva vi brukte dei til og slo hol i dei. Det var ingen problem for oss å fiksa. Vi smurte på maling og la plastduk utanpå som tetting. Den same historia som med kanoane gjentok seg. Når vi var leie av å padla rundt i denne søppeldammen, bar vi stålkara bort til elva og padla der.

Eg fann ut at denne hølen i elva gav for lita utfordring og gjekk heim etter ei kjerre vi hadde. Så lasta eg stålkaret opp på denne og drog ”kanoen” ned til sjøflykaien og sjøsette stålkaret der. Med meg hadde eg ein appelsinkasse i tre å sitja på og ei padleåre spikka til av ein lang planke. Så padla eg farkosten frå kaien der HSD har terminal i dag , over elveosen og bort til strandkanten ved Freimsanden. Der fortøyde eg farkosten, fornøgd med meg sjølv og gjekk heim.

Neste dag gjekk eg ned til Freimssanden for å padla, men då var stålkaret borte. Sjøen og kanskje regn hadde nok fylt kanoen med vatn, og han var blitt dregen ut i sjøen der eg ikkje kunne få tak i han. Heldig for meg. Om han no hadde vore der, er det ikkje sikkert at eg hadde vore her i dag.

Elveosen har temmelig sterk straum der nede i sjøen og om det no hadde kome kraftige bølgjer frå ein båt, ville stålkaret garantert ha kantra, og eg tvilar på om eg hadde vore i stand til å overleva eit forlis der. Straumen frå elva ville ført meg utover fjorden og muligheita for å kunna svømma til land ville vore så godt som null.

Hyttebygging

Sommaren var og tida for å bygga hytter i skogen. På Nyland var det eit sandtak med yrande liv i, og eit trelastlager på same stad.

På dette lageret fann vi dei nødvendige byggematerialane som vi så bar med oss til skogs på Hjøllo. Det heile var gøy så lenge byggeprosessen gjekk for seg. Når hytta sto der ferdig, var det liksom ikkje noe moro med ho lenger.

Den største bekymringa ved å vera i grenseområda mot Freim, var faren for dei som vi kalla ”jævel- ungane” frå Freim. I dei dagar var det noen gonger ”krig” mellom dei tilgrensande bustadområda i Odda. Krigane kunne vera temmelig voldelige blei det sagt, og det førekom at noen blei «steina”.

”Jævelungar” frå Freim og kald krig

Vi mangla TV og videospelarar, filmane på kino var ”snillare” den gong, og i gutebøkene var vold så godt som fråverande. Den viktigaste kjelda til voldelig inspirasjon låg i den bibellærdommen vi fekk med oss på søndagskulen og seinare på skulen. Sjølv unngjekk eg krigane, men blei tatt til fange ein gong av noen eldre gutar frå Freim. Vi fiska nede på Toen og oppdaga ikkje desse gutane i tide til å koma oss vekk. Gutane drakk øl og tvang oss til å sitta på elvekanten – gudane veit kor lenge. Dei påførde oss ikkje noen fysisk vold, men det var ille nok å vera i deira psykiske vold.

Då eg endeleg slapp laus og kom heim, hadde vi fått ein hund frå noen som ville avliva han. Eg hugsar at skulle ønska at hunden hadde vore mye større slik at eg kunne brukt han som livvakt for meg sjølv. Vi hørte ein del ryte om kva som kunne føregå i desse krigane. Kor mye som er sant og ikkje, tør ikkje eg å ta stilling til. Eg trur at det lett oppsto rykte som baserte seg på frykt for det ukjende. Dei på den andre sida var ukjende vi var redde.

På den andre sida av dei usynlige grensene var dei sikkert like redde som oss. Når vi starta på skulen og lærde kvarandre å kjenna der, fann vi ut at dei fleste andre var som oss med dei same tankane og dei same leikane. Heile situasjonen spegla på sett og vis den kalde krigen mellom aust og vest. Frykten for menneske ein ikkje har kontakt med.

Eit døme på kva eg fekk høra om, var at noen eldre gutar frå Nyland var tatt til fange av noen frå Freim. Så blei dei bundne til eit tre i skogen og pint med brennande pinnar. Det blei hardnakka påstått at dette var sant, men eg fekk aldri heilt tak i kven som var tilfangetatt og fekk ikkje på noen måte verifisert sanningsgehalten i desse historiane, men sant var det. Heilt sikkert.

Fiskelagsmannen

Sommaren gjekk sin gang med tjuvfisking etter lakseyngel, hyttebygging og leiting etter spennande skattar på Smelteverkstippen.

Fiskinga var mest spennande. Når fiskelagsmannen kom springande – i den grad han var i stand til å springa – klatra vi opp på Hjøllobrua og lo av han. Han på si side var tomatraud i fjeset, sveitteperlene rann ned og dei kulerunde auga sto på stilke. Aller kjekkast var det eg no hadde fått ein fisk og to. Då vifta eg med dei og spurde: – Kor stor laks trur du desse kunne blitt til?

Kanskje tolvkilos, eller kanskje dei kunne blitt til femten eller attenkilos – om dei no hadde fått veksa fritt og ikkje hang der daue som spekesild?-

Fråden sto rundt munnen til mannen, og han begynte å klatra opp på brua samtidig som han skreik ut kva han skulle gjera med fiskestanga mi om han no fekk tak i meg. Det gjorde han aldri. Tjukk som han var, var denne klatringsmanøveren ein strevsam prosess. Eg sprang leande heim med fangsten. Katten blei alltid glad når eg kom heim med fisk.

Spionering og epleslang

Når haustmørkret begynte å siga på, var tida komen for å snika seg inn eit hol i gjerdet til Smelteverket og leika katt og mus med vaktmannen som gjekk sine rundar på verket. Han hadde faste rundar og stempla eit kort, eller så var det ein nøkkel han vreid rundt i nokre apparat som sto plasserte rundt omkring og som han så brukte som eit bevis på at han hadde gjort jobben sin og vore der. Det var også viktig å ikkje bli oppdaga av noen andre som jobba på Smelteverket heller. Dei var våre fiendar som vi spionerte på.

Så langt eg veit blei ingen av oss noensinne oppdaga. Hausten var også tida for epleslang. Naboen vår, Osøren, hadde ein stor eplehage med eit høgt gjerde rundt. I haustmørkret var det forferdelig spennande å klatra over gjerdet og knabba noen eple for så å koma seg ut igjen fortare enn svint.

Om Osøren visste om aktiviteten vår, og om han brydde seg om det, sjå det veit eg ikkje. Ikkje tok vi så mange eple heller. Utfordringa låg i det å vera der inne og få med seg eit eple som bevis på at vi hadde vore der. Hausten var også tida for gjømmespel. Ein spennande leik som heldt oss ute lenge etter at vi eigentleg skulle vore i hus.

Lakseyngel i badekaret

Som barn var eg veldig glad i dyr og hadde nærmast ein eigen dyrehage. I vaskekjellaren hadde vi eit gammalt badekar og i dette hadde eg lagt noen steinar og hadde rennande vatn frå ein vass-slange. Oppi dette karet hadde eg så ein lakseyngel. Han blei grundig fora med meitemark og insekt.

Når hausten kom og tilgangen til insekt gjekk ned, og meitemarken forsvann nedover i jorda, blei det umulig å skaffa mat til fisken. Då syntest eg forferdelig synd på han og tok han opp i ei bøtte med vatn og bar så fisken ned i elva og sleppte han ut der. Det var eit komisk syn å sjå han, den nesten albinokvite fisken som hadde skifta farge pga. det kvite badekaret han var i, svømma rolig utover i elva.

På Tempo inn i vaksenverda…

Tida gjekk, eg blei 13 år og fekk tak i min første motorsykkel. Dette var ein Tempo Taifun 125, og eg hadde stor glede av å bruka denne nede på Hjøllo. Delar hadde eg ikkje pengar til å kjøpa, og sykkelen var derfor utan bremsar. Ein gong feilrekna eg ein sving og kjørte ut, trefte noen store røyr som låg lagra i graset, flaug over sykkelen og knakk armen.

Brørne Per og Leif-Eldor flytta. Vi flytta også, til huset der besteforeldra mine budde, på Knausen, men det er ei anna historie.

Ringen er slutta . No bur eg i Tjoadalen, eit par steinkast frå Nyland. Eg er far til tre, og min rolle som geneberar i verda er oppfylt. No gjenstår det i grove trekk å føra barna mest mulig skadefrie, trygge og harmoniske mot vaksenverda, prøva å påverka dei til å utdanna seg og gjøra sitt beste for å gjøra dei til gagns menneske. Deira barndom er ikkje som min. Deira barndom er kontrollert og overvaka. Dei får ikkje høve til å leika ute utan å vera overvaka. Alt er jo blitt så forferdelig mye farligare sidan eg var barn. Trafikken er ein heilt annan i dag… Mine barn er trygge.

Eg kan sjå fram til å kanskje få ei leiligheit i ei av dei eldreleiligheitene som er bygde på den eine av dei to leikeplassane frå min barndom og nyta utsikta mot lia der vi leika borte på Hjøllo.

”Ingrid, komme du? No går vi heim til mamma og ser på barne-TV”.

Skriftstyret har fått løyve til å omsetja artikkelen til nynorsk. I omsetjinga er det brukt radikale former for å nærma oss Odda-dialekten.

Advertisements

Read Full Post »

Det kan bli slutt på byggjeaktiviteten i norske bygder. Oppføring av bustader og næringsbygg bør foregå i tilknyting til eksisterande tettstader, heiter det i eit forslag til nye retningslinjer”. Det er ABC Nyheter som skriver dette i dag.

Eksisterende boliger og næringsbygg utenfor tettsteder skal heretter fredes i det de fraflyttes i følge de nye retningslinjene. Ved eierskifte (salg/arv) overtar kommunen i samarbeid med fylket angjeldende byggverk.  Dette skal bidra til å bygge opp Norge som et fremtidig UNESCO-land med satsing på UNESCO-turisme når olja tar slutt.

Siden kommune- og fylkesøkonomien ikke gir rom for å innløse så mange eiendommer, vil staten trå til ved kjøp og så gi eieransvaret over på kommunene – som så vil står ansvarlig for løpende vedlikehold. Verdifastsettingen av eiendommer vil gjøres av ei nemnd som utpekes i hvert enkelt fylke.

For oss i Indre Hardanger betyr det at Fylkeskonservatoren i samarbeid med NVIM vil gå mot ethvert nybygg nord for Eitrheim og Tyssedal, samt sør for Vasstun. Nybygg i Odda sentrum vil kun la seg realisere dersom det ikke truer verdien av eksiterende byggverk som UNESCO-objekter. I praksis vil det kunne bety at kommunen vil måtte inngå samarbeid med Boliden. Boliden deponerer som kjent sitt avfall i fjellhaller. Nye fjellhaller vil tvinge seg frem hos Boliden om ikke så mange år. Ved å da samarbeide med Boliden om fjellhaller, kan vi oppnå en synergieffekt som gjør at kommunen på en kostnadseffektiv måte kan tilrettelegge for at nye bygg bygges inne i fjellet. Dette vil også være energieffektivt i og med at fjell holder på varme. På denne måten kan Odda beholder sitt nåværende preg i årtusener fremover til glede for stadig nye generasjoner.

Det ligger i kortene at fjordingene og folk oppover i Oddadalen fra og med Jordal oppfordres til å kun gå i vadmel, drikka eplesider og snakke en konservativ harding-dialekt. De oppfordres til nytte vinteren til å øve inn soger og så fortelja morosame fyllesoger til turistar som slenger forbi om sumaren. Litt hardingfelespel vil sette ein ekstra spiss på det heile.

Read Full Post »